fbpx

Vanskelig vinter for reinsdyra

Radio Rjukan21. mars 20202min
hardangerviddasenteret-vinter_a507
Hardangerviddasenteret

MELDING FRA VILLREINNEMNDA FOR HARDANGERVIDDA-OMRÅDET: 

Villreinnemnda er kjend med at det er vanskelege beiteforhold for villreinen på Hardangervidda (og tilstøytande områder) i vinter.

Fylkesmannen i Oslo og Viken har nyleg helde eit møte på Lampeland der representantar frå SNO, turistforeiningane, hyttevertar, tilsynsutval, Tinn, Hol og Nore og Uvdal kommunar og villreinnemnda deltok.

Målet med møte var å få ei oppdatering på status for beitesituasjon i fjellet og samtidig drøfte nødvendige tiltak for å gje dyra tilstrekkeleg fred og ro.

Knut Nylend frå SNO gjorde greie for beitesituasjonen på vidda. Det er vanskelege forhold i vest med mykje snø og til dels nedisa rabbar.

Dei varme dagane rundt årsskiftet førde til at snøen tina og fraus til islag, som gjer det vanskeleg for reinen å nå ned til laven. Austpå er forholda ikkje like dårlege, men nettopp difor er det viktig at dyra får mest mogeleg ro der dei er.

Nore og Uvdal kommune gjorde eit vedtak i februar der dei utsette tidspunktet for når turistforeningane kan kviste 4 skiløyper som går inn i områda der store deler av reinstamma har gått og beita no i vinter.

Villreinnemnda oppfordrar kommunane og andre aktører til å spreie bodskapen om at reinsdyra har ein vanskeleg vinter og ber alle om å ta ekstra hensyn til dyra akkurat denne vinteren. 

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia