fbpx

Hjartdal kommune vedtar utvida karanteneregler

Radio Rjukan3. april 20203min
tuddal-hh_c689

Torsdag har kommuneoverlegen i Hjartdal fastsett utvida karanteneregler etter lov om vern mot smittsomme sjukdomar (lov av 5.aug. 1994 nr. 55 §4-1 fyrste ledd bokstav c og d). Reglane gjeld i frå torsdag 2.april kl 15.00.

Hjartdal kommune arbeidar kvar dag med å unngå koronasmitte i kommunen. Så langt er ingen smitta.

 – Vi er likevel sårbare som kommune, og planlegg for at smitten kan råke Hjartdal også. For vår beredskap er det særs viktig at dette utsettas så langt som råd, skriv kommunen på sine nettsider.

Hovudårsak til vedtaket er begrensa tilgang på smittevrnutstyr. Alle tiltak for å redusere risiko vert drøft og vurdert.

No ser ein eit særskilt behov for å unngå unødvendige reiser, spesielt i påskedagane frå og med torsdag 2.april til og med måndag 13.april.

 – Vi er kjend med at det planleggas påskebesøk til Hjartdal frå større områder i landet som har utbredt smitte. Vi er òg kjend med at folk tenker at dagsturar til Hjartdal er greitt.

Dei vedtatte, utvida, karantenereglar gjer eit tydeleg skilje på private reiser til Hjartdal, og reiser i samband med næringsverksemd.

 – Vi ynskje å redusere «påsketrafikken» til vår kommune, utan at det skal gå utover arbeidstakarar og næringsaktørar som må gjennom Hjartdal eller skal utføre oppdrag i Hjartdal kommune, melder Hjartdal kommune.

 – Vi skulle naturleg nok sagt: «Velkomen heim til Hjartdal, også i påska». Det kan vi ikkje i år. Andre stader i Noreg er i betydeleg større grad utsett for Koronasmitte enn kva Aust- og Vest-Telemark er utsett for. Av smittevernomsyn og bemanningsutfordringar i helse- og omsorgssektoren er det avgjerande at vi ikkje tar unødig risiko desse dagar.
 

Heile bestemmelsen ligg her: Forskrift om utvida karanteneregler for fastboende og forbod mot innreise i Hjartdal kommune.

Kjelde: Hjartdal kommune

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia