fbpx

– Feil rente gjev store skattetap for vasskraftkommunane

Radio Rjukan23. november 20164min
raadmann-rune-lodoen_4f77

Sentralskattekontoret for Storbedrifter (SHS) har no sendt ut grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt på vasskraftanlegg i kommunane i 2017. Tala syner ein enorm nedgang i takstane frå 2016 til 2017 med tilsvarande skattebortfall for kommunar landet over. Opplysningane frå SFS seier at verdiane på kraftanlegga går ned med 54 mrd. kr. på eitt år, noko som samla for kommunane gjev ein skattereduksjon på 380 mill. kr. i 2017.

– Tinn kommune åleine får ein reduksjon i eigedomsskatten på 10,6 mill. kr. i forhold til 2016. Andre kommunar i Telemark opplever det same og samla reduksjon for fylkets kommunar er fleire titalls mill. kr. i 2017. Dette vil gje kommunane store budsjettutfordringar, sier Tinns rådman n  Rune Lødøen til Radio Rjukan.
 
– Kommunane ønskjer eit rettferdig skattesystem som er i tråd med almenne skatteprinsipp.
Den påviste skattereduksjonen skuldast først og fremst lågare kraftprisar. Kraftprisane vil naturleg påverke verdiane av kraftanlegga og dette er ein del av skattesystemet som kommunane aksepterar.
Det som imidlertid ikkje blir teke omsyn til i takseringa er at kapitaliseringsrenta ikkje er justert i samsvar med det låge rentenivået vi har hatt i dei seinare åra. Nivået på kapitaliseringsrenta er avgjerande for takstane og kva kraftverket skal betale i eigedomsskatt. Lågare kapitaliseringsrente gjev høgare verdivurdering og høgare eigedomsskatt. Det låge rentenivået vil vedvare, og bør avspeglast i kapitaliseringsrenta, mener Lødøen.

– Dette kan Stortinget pålegge regjeringa å gjere noko med, med verknad for kommunane allereie frå 1.januar 2017. Ved å redusere kapitaliseringsrenta vil ein kunne hindre dramatiske og utilsikta skattebortfall for kommunane. Stortinget har tidlegare sagt at kapitaliseringsrenta skal fastsetjast i samband med dei årlege budsjettforhandlingane. 
Det høyrer og med at særordninga med maksimumsreglane (makstaket) for kva som skal betalast i eigedomskatt til kommunane i fleire år har gjeve kraftverkseigarane enorme skatterabattar. Maksimumsreglane (og minimumsreglane) skulle være ei midlertidig ordning, men har aldri blitt avvikla. Kraftverkseigarane har tent stort på at denne ordninga har halde fram, seier Lødøen.

Grunnlaget for ei rett kapitaliseringsrente er ei normrente (risikofri realrente) pluss eit påslag på 2 %. Kapitaliseringsrenta må difor reduserast frå 4,5 % til ca. 3 % frå 1.1.2017.
Tinn kommunestyre og Tinn kommune sine politikarar er oppfordra til straks å ta initiativ overfor Storting og regjering for å få vedtak om dette.
 

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia