fbpx

Tinn inn for nordlig E-134

Radio Rjukan25. oktober 20164min
grungedal-hjartdal-ny_8f5a

Tinn kommune vil tilrå at ny trase for 134 mellom Gvammen og Vågslid skal gå i ein ny, innkorta korridor nord for dagens E134. Sauherad og Seljord har signalidsertia at dei gjeng for ny korridor Sør.

Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utarbeidd ei konseptvalutgreiing for E134 på strekninga Gvammen-Vågslid. Denne utgreiinga er sendt på høyring med frist 15. desember 2016.
SVV har sett på to utbyggjingsalternativ:
–    ny korridor Nord
–    ny korridor Sør

Desse er samanlikna med nullkonseptet som grovt sett er dagens trase med dei investeringar som er lagt inn pr. 2017 inklusiv tunnelen mellom Gvammen og Århus.

Tilrådinga frå SVV er at ny trase av E134 skal gå i ein ny, innkorta trase nord for dagens E134. Dette vil gje ein veg som er 35 km kortare og vil redusere reisetida med 50 minutt.
Dette støttes av Tinn kommuner, om rådmannens innstilling blir vedteke.

I vurderinga skriver rådmannen:
Dette er ei viktig sak for Telemark og Tinn. Det er viktig at E134 får status som hovudvegsamband mellom Østlandet og Vestlandet. Her ser ein imidlertid at det er drakamp mellom ulike område. Det er m.a eit sterkt engasjement for at RV7 skal bli dette hovudsambandet i staden for E134. Skulle dette skje vil truleg også den påtenkte vegarmen frå Odda til Bergen ikkje bli realisert.

Skulle E134 misse statusen som hovedvegsamband Øst-Vest vil dette få store negative konsekvensar for samfunnsutviklinga i Telemark. Alle kommunar – også dei som har dagens E134 gjennom sine kommunar – vil tape.
Det er difor tre viktige føringar for kva ein bør innstille på i denne saka:

a)    E134 som hovudvegsamband mellom Østlandet og Vestlandet må bli ei moderne og effektiv transportåre
b)    den mest effektive og raskast moglege traseen må veljast
c)    Telemark må stå saman om det endelege valet av trase

Dette betyr at ein må leggje nasjonale omsyn til grunn i denne saka – ikkje lokalpolitiske.
Ein kan ha forståing for at dei kommunane som E134 i dag går gjennom er uroa for konsekvensane ved val av ein annan trase. Difor er det viktig at desse får gode og effektive tilførselsvegar til hovudvegsambandet, dette gjeld også andre kommunar t.d. Tinn.

På denne bakgrunn er tilrådinga frå rådmannen i samsvar med Statens vegvesen si tilråding om at ny trase for 134 mellom Gvammen og Vågslid må gå i ein trase nord for dagens E134.

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia