fbpx

Gjer klar for helgas fylkeskappleik

Radio Rjukan1. juni 20163min
tinndolan-spelemannslaget_3dcc

Fylkeskappleik for Telemark og Luråsstevne 2016
Laurdag 4. juni inviterar Tinn Spelemannslag til Fylkeskappleik for Telemark og Luråsstevne 2016.
Det vert duka for konsert, tradisjonell kappleik og dansefest denne laurdagen på Atrå Samfunnshus. 

""Program:
11:30 – Konsert med Lars-Ingar Meyer Fjeld 
Lars-Ingar Meyer Fjeld er lærar i Tinn kulturskole og A-klassespelemann på hardingfele. På Landskappleiken i 2015 kom han på 3. plass og 27. mai slepp han sin fyrste solo-plate. CD-en består av slåttar etter ei rekkje spelemenn frå Telemark. Noko av dette stoffet vil han presentere på ein liten konsert før kappleiken, og det vert mogleg å kjøpe cden.
12:00 – Kappleik 
-Tevling i spel, song og dans
-Sal av middag, kaker, kaffi og drikke heile dagen. 

Etter kappleik vert det dansefest med folkemusikkgruppa Raabygg.
Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for hits og uoppdaga slåttar frå Agder. Med hardingfele, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt. 
Sigrid Kjetilsdotter Jore, song og harpeleik. Tuva Færden, hardingfele og song. Johanne Flottorp, hardingfele og song.

Arrangementsinfo:
Inngong:
Born under 18: Gratis
Kappleik: 150,-
Kappleik og fest: 200,-
Fest: 100,-

Påmelding:
Rekrutt og klasse C: Gratis
Senior: 50,-
Påmelding på dagen frem til 15:00!
Me ynskjer alle velkomen til Atrå 4. juni!

Linker:
Fylkekappleiken på facebook 
Tinn Spelemannslag på facebook
Tinndølan på facebook 

Foto: Tinn Spelemannslag

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia