fbpx

Fyresdal har ansatt en influencer

Radio Rjukan18. mai 20205min
liveandrea1000_545a

Live er frå Lom i Gudbrandsdalen, ho er 29 år og er oppvaksen på gard. Frå ho var lita har ho vore glad i naturen og det å vere ute i skog og fjell. Dette har ho bruka mykje tid på. Av utdanning har ho bachelor i grafisk design og master i praktiske mediefag, så å ta bilete og formidle eit bodskap, det kan ho!

Ho har hatt ein Instagram-profil i nokre år, og turbileta til Live har vakt merksemd og gjort til at ho har hamna i både TV-reportasjar og TV-program. I dag har ho over 11 000 følgjarar som blir inspirert av turbileta hennar.

Kommunen lyste etter ein «influencer» som skulle få bu gratis i kommunen i eitt år, mot marknadsføring av kommunen. Dette har det blitt gjort noko om på sidan Live no har blitt tilsett i Faun Naturforvaltning, som hadde bruk for nokon med hennar bakgrunn. Live gjer oppdraget for kommunen som konsulent, innleigd via Faun, og ordnar seg husvære og anna sjølv.

Live har ikkje eigen familie med seg, men har flytta hit med hunden Rot. I tillegg til å fortelje om sitt eige liv i Fyresdal, ynskjer ho å skildre livet til andre som bur her. Etter å ha fylgd med på Facebook og Instagram ei tid, ser ho at det bur veldig mange flotte ambassadørar i Fyresdal.

Planen er no å komme i dialog med nokre frå bygda som har lyst til å la seg «følgje» av Live og bli publisert på kommunen sin Instagram. I samråd med kommunen vil ho velje ut 3-5 personar/familiar som ho skal følgje fast igjennom eit år. Her treng vi di hjelp!

Er de ein familie som lever det gode livet på landet? Er du gardbrukar, stor eller liten, og har lyst til å inspirere andre til å drive gard? Har du ein hobby eller ei interesse det kan vere spanande å følgje? Driv du aktivt med idrett, hest eller anna som kan vere til inspirasjon for andre? Driv du ei verksemd, stor eller liten, som treng litt blest – eller kan vise andre at det er rom for å vere entreprenør i Fyresdal?

Då vil Live gjerne høyre ifrå deg! Det er også lov å foreslå andre som Live kan ta kontakt med. Det skal ikkje innebere mykje stress for den som blir med på dette; men 1-2 besøk i månaden må påreknast, kanskje litt meir i starten. Ein må vere villig til å by litt på seg sjølv, men ein treng ikkje dele det ein ikkje vil. Dette skal gje positiv blest om kommunen og om det å bu på bygda.

Vi håpar at fleire ser dette som positivt og har lyst til å sende ein «søknad» eller eit forslag. Skriv ein e-post om kvifor du trivast i Fyresdal, kva du driv med og kva du er oppteken av. Søknad eller forslag sendast til Live på ls@fnat.no.

Vi håpar at alle er med på å gje Live ein varm velkomst og eit innhaldsrikt år her i Fyresdal!

Hugs å følgje @live_andrea og @fyresdal_kommune på Instagram!

Radio Rjukan

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Radio Rjukan er lokalradioen for Tinn og Hjartdal kommuner, og har siden 1. september 1987 gitt deg lokale nyheter og lokale innslag fra Rjukan, Tinn og omegn.

Ansvarlig redaktør: Ole Jon Tveito

Radio Rjukan etterlever pressens etiske regler administrert av NPF.
Pressens Faglige Utvalg (PFU) –
Vær Varsomplakaten (VVP).

Radio Rjukan

NO 984 755 961 MVA

Såheimsvegen 30, 3660 Rjukan

Postboks 4, 3661 Rjukan

post@radiorjukan.no

35 08 24 20

Bingotelefon: 35 08 24 24

Redaktør: 93 00 40 93

Radio Rjukan sender på FM.

FM 93,8 – 104,1 – 105,0 – 106,5 – 107,0

Facebook


Copyright © Radio Rjukan AS



Alt materiale er kopirettslig beskyttet og ikke tillatt kopiert uten avtale.



Utviklet av Fairmedia